Uvisse
- 199,-
“Uvisse” er basert på Thor Økland si dagbok frå dei første månadene etter krigsutbrotet i april 1940. Han dreiv på den tida eit fiskebruk i Båtsfjord i Finnmark. Han hadde reist frå kona Kristi, den yngste sonen Knut og mora Oline som saman dreiv garden Økland på Tysnes. Dagboka er svært merkt av lengten og uvissa Økland sleit med. Uvisse, fordi han ikkje fekk livsteikn heimanfrå. All kommunikasjon mellom Nord-Noreg og Sør-Noreg var broten i starten av krigen.