Kongen, Kniksen og ein veranda

  • 250,-
På lager.

Sverre Bungum, sogningen og skulemannem som i ein alder
av 28 år flytta til Sund for å bli rektor og seinare skulesjef, er etter eigne utsegn avhengig av aviser. Her finn han, til liks med dei fleste naturlegvis, nyhende frå inn- og utland. Store og små nyhende. Særleg små, om vi skal leggja til grunn det utal av kommentarar og refleksjonar han har gjeve seg opp gjennom åra. Og som denne boka er full av. Med skarpheit, bitande ironi og humor, særleg av det underdrivande slaget, deler han tankar om stort og smått. Som sagt; oftast smått. Dei fleste tankane er utklekte på eigen veranda med storslått utsikt over Lerøyosen. Mange av nyhenda som er utgangspunktet for refleksjonane, er ikkje heilt nye lenger, men kommentarane går ikkje ut på dato. I alle fall ikkje med det første.

Av ein skulemann med solide røter i nynorskland bør vi forventa eit godt språk. Og det er sjølvsagt blitt som forventa