Guten som var redd for å læra å lesa

  • 200,-
På lager.

Små born er redde for mykje rart. Og det verste er kanskje det som er så skummelt at dei ikkje eingong torer å fortelja dei vaksne om det. Slik kan problemet veksa seg stort og nærast uløyseleg.
Men det ordnar seg som oftast til slutt.

Jonas skal snart byrja på skulen. Og då vil han læra å lesa. Men han har eitt problem. Då storesøstera lærte å lesa, laut ho liggja åleine heilt til ho sovna. Mora eller faren sat ikkje ved senga hennar og leste for henne. Det gjorde ho sjølv.
Ville han måtte gjera det same? No som det nett hadde flytta inn eit monster i den store eika utanfor vindauga hans?