1953 - Ei lokal verdshistorie

  • 230,-
På lager.

Helge Hammersland vart fødd og vaks opp på Sotra. Sidan 2007 har han vore busett på Stord.

Hans lune soger kveikjer minne og kjensler hos ein som vaks opp for meir enn femti år sidan.

Med kvasse broddar som får ein til å humra og tenkja, skildrar han kvardagsliv, fotball, skule, skeiser, jenter, musikk, radio og TV, ute på bryggekanten, i bedehuset, på dansegolvet….. og fotball…. alt frå ei tid då ein ikkje visste betre og oftast hadde det strålande med det!

Lorentz Kannelønning

BLÆRESPRENG OG ANDRE FØRMOBILMINNE

Dersom du som godt tilårskomen, som eg, har tapt or minnet opptil fleire detaljar om korleis det var å veksa opp på 50- og 60-talet, kan du få både fine og ubehagelege påminningar og aha-opplevingar i Helge Hammersland si siste bok. I «1953 – ei lokal verdshistorie» mimrar han på sitt lune og observante vis tilbake til gutedagane som Sotra-stril.

Slik litteratur finn du neppe store plakatar eller avisoppslag om gjennom bokhausten. Men her er det råd å humrande, eventuelt hovudristande, kjenna seg att i skildringane av eigenopplevde oppvekstkår som nok kan virka totalt framande for dagens born og unge. Dette hende som kjent lenge før mobiltelefonen og mobbeprogramma si tid.

Fotball i utmarka der blæra tidt taut ut av lérballen. Skeiser, Squaw Valley og Knut Johannesen. Lærarar som hengde ut elevar. «Ti i skuddet» i radioen. «Skippy» på fjernsyn. Hemmelege kjærastar. Kjeftekjerringar som lurte bak gardinene. Jukebox på kaféen. Cowboyfilmar på bygdekinoen. Diktanalyse-skrekk. Eksperimentering med røyk og alkohol. Ja, her er det nok å ta av for påfyll i våre raskt svinnande minne. HH skriv korte og velformulerte setningar. Iblant skarpt ironisk, utan å trakka nokon hardt på tærne. Likevel gjer han også det, mellom linjene og i ettertid. Men den gongen «var vi ikkje betre vande», som han forsvarar fleire av den tids tvilsame handlingar med.

Ove Olderkjær