150 Rebusar - og litt til

  • 99,-
På lager.

Etter å ha servert julerebusar i ei årrekkje på mi Facebook-side, vart eg tipsa om å gje ein del av rebusane ut i bokform. 150 rebusar vart det i alt, og alle er på lyrikkform. Dei som har delteke på julerebusane, vil vita kva det går i.
Av dei ulike kategoriane kan nemnast; Sport, musikk, geografi, historie etc…

Eit døme i kategorien “norske kjentfolk
Ho var van med å opptre i flokk
som mor til ein veltrena skokk
Så kasta ho kluten
ho tenkte på guten
for no måtte nok vera nok.

Skulle dette synast vanskeleg, for ikkje å seia umogleg, finst det hint bak i boka. Og svar naturlegvis.

Spør du meg så er boka eit must for alle som likar rebusar, og som er like fortvila kvar gong dei har bede inn til julebord, firmafest, blåtur, teambuilding eller familiebesøk og manglar quizar eller rebusar for dei innbedne å bryna seg på.